Vestnes Varfjell leverte ein solid heimekamp og vann 4-1 mot Eidsvåg fredag kveld. Stillinga ved pause var 2-0 etter skåringar av Amund Stavem som dribla seg igjennom heile forsvaret og av Alexander Connor som breisida ein ball i mål frå fem meter. Vestnes Varfjell var mest på hugget i før pause, og leiinga var fortent. Eidsvåg kom langt sterkare i starten av andre omgang og reduserte då Tore Klokseth kom i bakrom og avslutta med skot forbi Adrin Gabrilelsen i Varfjell-målet. Kampen var igjen open, men så bestemte heimelaget seg for at det denne gongen skulle ikkje ei leiing glippe. Innbyttar Juan Larsen tok ned ballen og avslutta med ein markkrypar til side for gjestanes reservekeeper 20 minutt før slutt. Så kom kveldens høgdepunkt omtrent etter avspark: Alexander Connor sendte i veg eit langskot som duppa over keeper og i mål. Avstanden var rundt 45 meter. - Eg såg at keeper sto langt ute og bestemte meg for å prøve, sa Connor etter kampen. Like etter måtte han ut med skade, og då passa det at erstattaren var ein av disiplane på det ferske kretsmeisterlaget. Kretslagsspelar Håkon Kjørvik er berre 15 år, men gjorde sine saker godt på backen dei minutta han fekk spele. Driva om kampen
Utanom skåringane i første omgang noterte med store sjansar på Elling Olafsen som avslutta med eit laust skot alt etter to minutt. Alexander Connor kom på godt skothald etter 27 minutt etter forarbeid av Olafsen, men avslutninga gjekk rett på keeper.
I andre omgang hadde Eidsvåg ein kjemesjanse i starten, men skotforsøket vart blokkert. Dei pressa også bra på fram til dobbeltskåringane som avgjorde kampen, men vart etter kvart frustrerte og meir opptatt av å klage på dommartrioen. I andre enden hadde Conor nær sett inn 3-1 tidleg då han snappa ein retur etter ein corner. Elling Olafsen ein kjempesjanse til å gjere 5-1. Sivert Nerheim la til rette, men skotet frå toppskårar Olafsen gjekk denne gongen høgt overt. Dermed ebba kampen ut med 4-1.
Seieren betyr også at laget no også reint matematisk er sikra spel i 4. divisjon også neste år. Trenar Knut Øyvind Hoem var spesielt fornøgd med førsteomgangen, då spelte laget verkeleg bra til tider. Amund Stavem herja med Eidsvåg-forsvaret til tider og Connor og brødrene Nerheim vann det meste av duellar på midtbanen. Bakover var det godt å ha Nirut Mjøs tilbake med sin ro. No gjenstår to kampar før sesongen er over; heimekampen mot Åndalsnes laurdag før sesongen blir avslutta borte mot Elnesvågen.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Eidsvåg 4-1 (2-0)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 2. oktober 2015 kl 19
Vestnes idrettspark, 35 tilskurar
Mål:
1-0 (30) Amund Stavem
2-0 (33) Alexander Connor
2-1 (63) Tore Klokseth
3-1 (70) Juan Rikard Larsen
4-1 (71) Connor
Dommar: Ragnar Ness, Dahle
Gult kort: Tore Klokseth, Eidsvåg (75)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Adrian Liabø (Sindre Sogge Heggen 57.) - Magnus Nerheim (Thomas André Brastad 76.), Alexander Connor (Håkon Kjørvik 73.), Sivert Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen, Karl-Edvard Bredeli (Juan Rikard Larsen 46.)