To heimekampar på rad ventar for Vestnes Varfjell i 4. divisjon. Først ut er Eidsvåg som gjestar Vestnes idrettspark i kveld klokka 19. Heimelaget treng kanskje tre poeng til for å vere 100 prosent sikker på vidare spel i 4. divisjon, medan gjestane ikkje heilt har gitt opp å sikre seg ein av plassane som gir cupspel neste år. Vestnes Varfjell fekk rekka utan tap broten då Sunndal avgjorde på overtid sist. Gjestane kjem frå tre strake tap mot sterk motstand (Eide h, Sunndal b og Surnadal b). Desse oppgjera pleier å vere målrike, vårkampen endte som kjent med 5-4-seier til Vestnes Varfjell. Oversikt over tidlegare oppgjer her. Eidsvåg har også lagt ut ein oversikt på sine nettsider. Kampen kan du følge på Twitter, men det beste er å sjå kampen "live". Så møt opp og støtt heimelaget i kampen om nye poeng!