Det nærmar seg jul og divisjonskollega Åndalsnes har alt levert ønskelista. Heilt tolv spelarar ønskjer ÅIF å knyte til seg, mellom dei Vegar Skare frå Vestnes Varfjell. Lista innheld også toppskåraren i 4. divisjon, Simen Tangen frå Midsund, i tillegg til ei rekke spelarar med fortid i ÅIF. Les meir på ÅIF sine nettsider Skare skal også vere i søkelyset til Brattvåg saman med Tommy Kanishi, og begge skal ha vore på det som har vorte årvisse prøvetreningar med sunnmørsklubben.