KBK-trenar Geir Bakke vil samle dei beste juniorspelarane i Kristiansund på eit lag som skal spele saman med nyopprykka Clausenengen under namnet CFK/KBK 3 i 4. divisjon. Dette kom fram under eit frokostmøte i Kristiansund denne veka, melder TKTV. Frå før har 1.-divisjonsklubben eit 2.-lag som spelar i 3. divisjon.