Vestnes Varfjells gode 14-åring David Sissoko er tilbake frå skade. Landslagsdebuten gjekk i vasken grunna passtrøbbel, men no kan han få nye sjansar for Norge. Sissoko er tatt ut til Statoil talentleir i Porsgrunn 26.-30. juni. Tidlegare har Varfjell hatt Trond Klokset og Elling Olafsen med på tilsvarande samling av dei beste unggutane i landet. Her er det også tatt ut ein landslagstropp og eit "skyggelandslag" der Sissiko er med. Søndag kom han innpå i andre omgang for MFK G16 som slo Rosenborg 3-2 i den nasjonale serien. Vestnesingen kom til ein stor sjanse då han heada over frå god posisjon. Også målvakt Fredrik Bergslid var i MFK-troppen, men fekk ikkje speletid denne gongen.