Ny heimekamp alt i kveld for Vestnes Varfjell når Elnesvågen og Omegn gjestar Vestnes idrettspark. Dette er ein kamp som er framskunda frå 11. serierunde for å forlenge sommarferien for laga. Vestnes Varfjell vann 4-1 i tilsvarande kamp i fjor. Det skjedde etter at oppgjeret først vart avlyst grunna uvêr, og laget måtte spele tre kampar den siste veka av sesongen. Sidan då er gjestane blitt kraftig forsterka, mellom anna med comback frå minstbror Berg Hestad, Peter, og Jannik Weum med fortid mellom anna Molde og Træff. Frå før er flittige målskårarar som Kristian Benjaminsen og Kjetil Brudseth framleis å finne i den raude drakta. Laget starta sesongen med å vinne 6-0 borte mot ÅIF og har sidan spelte uavgjort mot Eidsvåg, tapt mot AK og no sist vunne mot Eide. Ei tøff oppgåve for heimelaget, men trenar Knut Øyvind Hoem håper å bygge vidare på seieren mot Midsund sist: Det blir inga enkel oppgåve, men heller ikkje ei umogleg oppgåve. Møt opp og få med deg kampen som har avspark klokka 19. Som vanleg blir det oppdaring via Twitter. Kampfakta med lagoppstillingar kjem her.