Åndalsnes og Måndalen blir motstandarar for Vestnes Varfjell i neste års 4. divisjon og begge Rauma-laga er i gang med sesongførebuingane. Per Atle Lie har vore i dialog med ÅIF, men har no gitt Måndalen munnleg ja til ein ny sesong som trenar. ÅIF har no Johan Setnes som eit alternativ. Alt dette ifølge Åndalsnes Avis. Der er Lie også spurt om kva spelar han er mest fornøgd med: - Vegar Skare, uten tvil. Han er en klar kandidat tl årets spiller i MIL, seier Lie om den tidlegare Vestnes Varfjell-spelararen. Måndalen ønskjer også å styrke stallen, medan ÅIF alt har levert eit ønskeliste som også inkluderer fire Vestnes Varfjell-spelarar!
Klubben frå Øran har skreve brev til Vestnes Varfjell
på Tommy Kanishi Andreassen, Elling Olafsen, Thomas
André Brastad og guttelagets målvakt Ole Håkon
Heen Lien. Les meir på ÅIFs nettsider