Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor ser fram mot ein ny sesong, men er klar på at stallen må forsterkast før møtet med ein forsterka 4. divisjon. Samtidig er han klar på kva som gikk feil i år: - Hadde me hatt eit større stall og kunne stilt med fullt lag i fleire kampar, hadde me nok kjempa i teten lenger enn me gjorde, seier Connor til Varfjell.no
Connor, som saman med Cato Andreassen også har
trenarkontrakti eitt år til, håper på eit
oppsving i 2011. Det er ingen hemmelegheit at nye spelarar med
tilkytning til Vestnes står på ønskelista.
Målet er å få til ein betre treningskultur.
- Det er frustrerande at treningsoppmøtet varierer så
mykje som det har gjort, seier Connor.