Endeleg! Etter ein lang koronapause er det igjen klart for seriespel i 4. divisjon. For Vestnes Varfjell blir det ein tøff start når seriefavoritt Kristiansund BK 2 gjestar Vestnes idrettspark søndag klokka 14.
KBK 2 er eit lag me stort sett har tapt for. Einaste seier kom for ti år sidan, også det i første serierunde. Vegar Skare og Tommy Kanishi Andreassen var målskårarar i 2-1-seieren. Les meir om den kampen her.
Forrige møte vart dramatisk då Vestnes Varfjell vart snytt for eit seint utlikningsmål ved målvakt Fredrik Bergslid då Svein Erik Lange Male vart avblåst for angrep på KBK-keeperen (sjå video av hendinga her). Faktisk er 11 av dei involverte i den kampen mot Noah Solskjær & co aktuelle for spel også denne sesongen.
Første gong me møtte KBK 2 var i 2007, då vart det eit tap og ein uavgjort. Elles har det vorte tap alle gongar sett bort frå kampen i 2011. Oversikt over alle tidlegare møter finn du her.
Kom på kamp og støtt våre gutar, om du ikkje kan så blir kampen etter planen streame på Youtube av vår trufaste fotograf Asbjørn Vik. SJÅ DIREKTESENDING HER