Mykje har skjedd på spelarfronten sidan Vestnes Varfjell berga plassen i 4. divisjon på dramatisk vis med eit seint utlikningsmål mot Åndalsnes hausen 2019. Konklusjonen er at stallen er ei fin blanding av erfarne spelarar og talentfulle ungdommar. Stammen er intakt etter den lange pausen, sjølv om nokre har valt å forlate oss eller legge opp. Samtidig har fleire unggutar har tatt steget opp i A-stallen. Her er eit forsøk på ei oppsummering med dei største endringane:

 

Vår gode målvakt Fredrik Sivertsen Bergslid har gått til Træff. Nye målvakter er unge Owen Connor og Lars Håvard Heen Lien, som er tilbake etter spel for fleire andre klubbar, no sist Sunndal.

 

Av dei unge som rakk å debutere for to år sidan er både Lars-Helge Lien, Eirik Tomren og Cédrik Andreassen med vidara, medan Oliver Connor Søreng og Tor-Bjarne Løvik Salte har tatt steget opp i A-stallen.

 

I tilgang er også Ole-Ragnar Opstad Forsland (Brattvåg) og Airidas Skirgaila (tilbake frå Træff). I tillegg kjem trenar Ole Håkon Heen Lien som har meldt overgang frå Elverum. Også Elling Olafsen må reknast i tilgang då han var ute med skade nesten heile 2019-sesongen. Karl Arne Stokkeland har også meldt seg til teneste slik han også rakk å gjere i 2019. Oversikt over alle spelarar finn du her.


Tommy Kanishi Andreassen har som kjent gått til Tomrefjord, det same gjeld det unge talentet Daniel Gravdehaug. Liam Connor spelte juniorfotball for Nardo i fjor, men er aktuell for ein overgang tilbake. Elles har viktige spelarar som Amund Stavem og Sivert Nerheim forsvunne ut i ein lang koronapause.