(Vestnes Varfjell - Kvass/Ulvungen 6-1) Seier nummer åtte på rad kom som bestilt fredag kveld, men det tok ein omgang før heimelaget vakna i regnveret. Gjestana kontra inn 1-0 ved Øyvind Sanden rett før pause, men seks mål i andre omgang sørga for nok ein storseier til Vestnes Varfjell. Målskårarar var Nirut Mjøs, Tore Akselsen 2 (begge på straffespark), Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes og til slutt kaptein Jørn Klokset som også vart kåra til banas bestemann.

Vestnes Varfjell 6
Kvass/Ulvungen 1

Pause: 0-1
4. divisjon, Alexandra-serien
Vestnes idrettspark 
95 tilskuarar
Mål:
0-1 (45) Øyvind Sanden
1-1 (47) Nirut Mjøs
2-1 (50) Tore Akselsen, str.
3-1 (60) Tommy Kanishi Andreassen
4-1 (65) Ronny Leikarnes
5-1 (69) Akselsen, str.
6-1 (75) Jørn Klokset
Dommar: Stig Finnøy Amdam, Træff
Gult kort: Hans Haugen, K/U
Vestnes Varfjell (4-3-3):
Erling Mangne Slemmen
Bjørn-Vegard Løvik
Yngve Solevågseide
Ørjan Tangen
Anders Jørm Neraas
Jørn Klokset
(Jonas Torp Årset 76.)
Alexander Connor
Tommy Kanishi Andreassen
(Andreas Bjermeland 80.)
Nirut Mjøs
Tore Akselsen
(Tommy Solevågseide 73.)
Ronny Leikarnes

Kvass/Ulvungen kom til Vestnes utan innbyttarar, men det unge gjestelaget åpna friskt med to store sjansar. Så vart det mest heimelaget, som rulla opp det eine angrepet etter det andre utan å få til det siste trekket. Nærast skåring kom Nirut Mjøs som skaut like over frå god posisjon to gongar. I omgangens siste minutt braut Kvass/Ulvungen eit Vestnes Varfjell-angrep. Øyvind Sanden kom aleine med keeper og sette inn omgangens einaste mål.

Vestnes Varfjell tok kommandoen frå start i andre omgang. Tore Akselsen skaut i tverrliggaren på eit frispark før Nirut Mjøs skaut under keeper og i mål til 1-1. Ronny Leikarnes vart holdt i feltet, og dommar Stig Finnøy Amdam dømte kampens første straffespark. Tore Akselsen sette ballen hardt og plassert i mål. Då Tommy Kanishi Andreassen sette inn 3-1 etter vakkert framspel av Nirut Mjøs, hadde ikkje gjestane meir å stille opp med. Det vart etter kvart berre spørsmål om kor mange mål heimelaget skulle makte å putte på. Ronny Leikarnes skåra sitt 18. mål for sesongen då han auka til 4-1 etter å ha stjelt ballen frå ein Kvass-spelar. Akselsen skåra sitt andre frå straffemerket, igjen etter at Leikarnes hadde blitt felt. Det siste målet kom ved Jørn Klokset som skaut i mål frå kloss hald etter eit innlegg frå dørlinja. Leikarnes fekk også eit mål annulert for det dommar meinte var angrep på keeper.

No ventar toppkamp mot Måndalen på bortebane kommande fredag.