(Vestnes Fotball - Eide og Omegn 2-0) Onsdag kveld tok damene for andre gong i år mot Eide på ein regntung Vestnes idrettspark. Og som sist heimekamp mot Eide skulle dette vise seg å bli 90 minutt med mange sjansar i Varfjells favør, men med lite utteljing. 1. omgang
1. omgang starta veldig bra. Eit hardt Varfjellpress gjorde at Eide hadde store problem med å få ballen over midtstreken.
Varfjell herja med både midtbana og forsvaret til gjestane som verka både tafatte og slappe i beina.
Det harde presset resulterte i mange hjørnespark. Og Sandra Vik slo mang ein god corner, men damene mangla det vesle ekstra for å få satt ballen inn mellom stengene.
Det var kaptein Lise Domaas som måtte ta saken i egne hender. Etter 40 minutt og nesten frå midtbana raida ho seg forbi sjanselause Eidespelarar etter Eidespelarar. Etter at ho hadde kome seg innanfor 16meteren, vart ho grisefelt av ein alt for treig forsvarsspelar. Og til Eide IL sin store fortvilelse dømte dommar Lundgren umiddelbart straffe. Lise måtte av bana med ei kraftig lårhøne mens Sandra Vik fekk beskjed om å ta straffa.
Skotet gjekk nydeleg opp i høgre kryss. Dette er kanskje eit av årets mål?
Omgangen ebba ut med at Eide kom meir inn i kampen men i bakre firar rydda Hanne Lenning enkelt og kontant opp.
2. omgang
Etter pausen hadde Eide tatt seg meir saman og kampen jamna seg litt meir ut.
Det var likevel Varfjell som hadde dei største sjansane og som hadde mesteparten av spelet.
Etter 25 minutt la Monika Slemmen ned eit supert forarbeid og sendte ballen til Sigrun Alnes som diverre skaut ballen rett på keeper. 5 minutt etter var Sigrun på ferde att. Ho drog seg elegant fri, men også denne gongen ville ikkje ballen inn.
Eide kom sterkare tilbake og kom meir og meir inn i kampen mens Varfjell mista mykje av det fine pasningsspelet som dominerte 1.omgangen.
Etter ein lengre periode med slit fekk Sandra Vik sentra ballen til Malene Strømstad som deretter returnerte ballen på eit sølvfat til Sandra som med venstre fot lobba ballen i mål bak ein sjanselaus keeper.
Etter målet daffa kampen noko og ingen av laga hadde nokre store sjansar før kampen vart avblåst.
Kampfakta
VVIL – EIDE 2-0
Vestnes Idrettspark
Mål for VVIL:
Sandra ’HEF’ Vik
Banas beste:
Sandra ’HEF’ Vik
Hanne Lenning
Lagoppstilling VVIL:
Lina M. Stokkeland
Malin M. Haugan
Hanne Lenning
Ellisiv ’HEF’ Rekdal
Marita Gjerde
Caroline Nerbø
Sandra ’HEF’ Vik
Monika Slemmen
Lise ’HEF’ Domaas
Sigrun K. Alnes
Sandra Persson
Benytta innbyttarar:
Marta BakkeIsabelle Frostad
Malene Strømstad