Vestnes Varfjell slo Ørskog frå 6. divisjon på Sunnmøre 5-2 i det som var årets første treningskamp for A-laget. Stillinga ved pause var 2-0 til Vestnes Varfjell. Toppskårar Elling Olafsen heldt fram der han slapp i fjor og skåra fire av måla, Magnus Nerheim skåra eitt. Amund Rørstad reduserte to gongar for gjestane frå andre sida av Ørskogfjellet, som blir trent av vestnesingen Thomas Grüner og som hadde tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Kim Inge Melland i mål. Dei fekk også eit straffespark som Adrian Gabrielsen i Vestnes Varfjell-målet redda. Dette var også første kamp under Knut Øyvind Hoem si leiinga etter at det tidlegare i kveldt vart klart at han har tatt over hovudansvaret for A-laget. Kampen vart spelt i Vestnes idrettspark under litt glatte forhold, der bana vart brøyta og gjort klar etter snøfallet i det siste (Foto: Thomas André Brastad). - Ei grei gjennomkøyring der alle fekk speletid og der Elling viste fin målteft, oppsummerer Knut Øvind Hoem. Han starta med ein 15-åring (Kjørvik) og ein 16-åring (Larsen). Jan Robin Ulvestad, Ole Håkon Heen Lien, Preben Hovde og Håkon Kjørvik debuterte. Ørskog om kampen. Kampfakta under:
Vestnes Varfjell - Ørskog 5-2 (2-0)
Treningskamp
Vestnes idrettspark, tirsdag 3. februar 2015 kl 19
20 tilskuarar
Mål:
1-0 (10) Magnus Nerheim
2-0 (21) Elling Olafsen
3-0 (60) Olafsen
4-0 (63) Olafsen
4-1 (67) Amund Rørstad
5-1 (68) Olafsen
5-2 (83) Rørstad
Dommar: Svale Leren, Fiksdal/Rekdal
Gult kort: Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Håkon Kjørvik (Jørgen Hovde 65.), Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad (Jan Robin Ulvestad 46.), Adrian Liabø (Preben Hovde 60.) - Elling Olafen, Ole Gunnar Kjærstad, Sivert Nerheim (Ole Håkon Heen Lien 65.) - Juan Hoem Larsen, Amund Stavem, Magnus Nerheim (Azim Ahmadi 65.)
Neste kamp er borte mot Norborg onsdag 11. februar.