{seyretpic id=1136 align=right}Yngve Solevågseide er årets spelar i Vestnes Varfjell i 2009. Kapteinen vart stemt fram av eigne lagkameratar og heidra på årsfesten laurdag. Han skåra også årets mål, ei sjeldan heading i bortekampen mot Dahle (sjå video). Elling Olafsen vart årets unge spelar. Frå før var det klart at Ronny Leikarnes fekk toppskårarprisen. 61 personar markerte sesongavslutningen med julebord på Vestnes Fjordhotell. Det vart også stadfesta at Alexander Connor held fram som trenar, meir om dette i VarfjellTV: Årsfest del 1 | Årsfest del 2 | Bildegalleri


Solevågseide, som skølv ikkje var til stades for å motta prisen, vann årets spelar-tittelen i kamp med Tommy Kanishi Andreassen. Desse to vart stemt fram i den første valomgangen.

 

- Det er to ting som er sikkert i livet, det er døden og at Ronny Leikarnes blir toppskårar, sa Alexander Connor då han delte ut toppskårarprisen.

 

Om årets mål sa trenaren dette:

- Dei som kjenner Yngve veit at han ikkje har vunne ein hodeduell i heile sitt liv, men mot Dahle skåra han til og med på hodet. 


Årets unge spelar blir kåra av trenarar og støtteapparat og blir berre utdelt om det finst ein verdig mottakar blant spelarane under 21 år.

 

- Han har hatt stor framgang i år og vart betre og betre utover hausten, sa Connor om valget av Elling Olafsen som årets unge

Yngve Solevågseide og Tommy Kanishi Andreassen fekk prisar for passerte 100 kampar i løpet av sesongen, medan det vart utdelt blomster til Marius Sivertsen og Simen Brennvik for passerte 50 seriekampar.

Den innlagte og prestisjefylte quizen vart vunne av Einar Helge Brennvik sitt lag. Laget til Svale Leren tok andreplassen etter ekstraspørsmål.

 

Sportsleg leiar Geir Åge Sylte oppsumerte Alexandr Connor si trenarkarriere på denne måten:

 

- Opprykk, nedrykk, opprykk, nedrykk. Kva blir det då neste år? spurte Sylte salen og fekk svar: Opprykk!

 

Det er venta at Connor får med seg ein ny assistent. Meir om dette her på Varfjell.no seinare i veka.