Ein gammel storheit i lokalfotballen, Clausenengen FK, var tilbake med eige A-lag i år og rykka likegodt rett opp i 4. divisjon der dei blir ein av motstandarane til Vestnes Varfjell. Klubben som har fostra Ole Gunnar Solskjær satsar tydelegvis stort, for i Tidens Krav torsdag kan me lese at laget skal til Tyrkia på treningsleir i vinter. Laget skal selge sesongkort for samarbeidsklubben KBK for å finansiere turen.