ImageTræff har grepet om kvalikplassen i 3. divisjon etter å ha slått serieleiar KBK 2 heile 8-0 på Reknesbanen måndag kveld. Laurdag kjem moldenserane til Vestnes for å spele årets siste seriekamp. Dette var også siste kamp i runde 21 i resultattippinga og her vart Siw Brandshaug Melsæther rundevinnar med 24 poeng eitt meir enn Ronald Brastad. Alle tips. Dag Nakken leiar framleis samanlagt ein runde før slutt. I ein utsatt kamp i 5. divisjon har Måndalen 2 slått Bjørset 4-3 på bortebane. Tabell>> I 2. divisjon er MFK 2 framleis ikkje heilt sikker på ny plass etter tap 0-1 mot Strindheim. Tabell>>


Træff var mest på hugget gjennom heile kampen mot eit tafatt KBK 2-lag, ikkje minst på kontringar var grønbuksene sterke. Resultatet gjer at Sunndal no er ute av kampen om kvalifiseringsplass for 2. divisjon. Elnesvågen må håpe at Vestnes Varfjell tar poeng mot Træff samtidig som dei vinn sin kamp borte mot Sunndal. KBK 2 har framleis grepet om kretsmeisterskapet, men må slå Måndalen borte i siste kamp eller håpe på Vestnes Varfjell-seier.

Her blir det spenning til siste slutt og me gjer som Træff-speakeren og oppfordrar alle til å ta turen til Vestnes idrettspark laurdag klokka 15.00.