Kampen om kvalikplassen og den siste ståplassen i 3. divisjon held seg etter desse resultata laurdag: Elnesvågen - Averøykameratene 5-2, Surnadal - Åndalsnes 2-1, Eidsvåg - Rival 1-2. Søndag: Sunndal - Måndalen. Måndag: Træff - KBK 2. Det betyr at Vestnes Varfjell bergar seg med uavgjort mot Træff heime i siste kamp med mindre AK vinn med meir enn fire mål mot Eidsvåg. Tabellen >> I 5. divisjon har Vestnes Varfjell 2 tapt 1-8 (0-3) borte mot Molde 4. Eide ligg an til kvalikplassen frå avdeling 2 etter seier 2-0 mot allereie opprykksklare Skåla.
Skulle MFK 2 rykke ned frå 2. divisjon må Vestnes
Varfjell vinne mot Træff for dermed å ha sjansen til
å passere Eidsvåg og/eller ÅIF. I toppen er
Elnesvågen avhengig av at Træff avgir poeng anten mot
KBK 2 måndag eller mot Vestnes Varfjell i siste kamp. Sunndal
er avhengig av at Træff avgir poeng i begge kampane. Sunndal
og Elnesvågen møtest i siste kamp.