
Jan Roar Saltvik, tilsett i NFF som spelarutviklar var invitert av
kretstinget for å snakke om breiddefotball og
spelarutvikling. Hans råd til framtidige trenarar på
knøttenivå og oppover var:
1) Vere stabil over tid
2) Bidra til godt humør og kammeratskap
3) artige treningar med mykje spel med lite "kø" og til slutt
4) vere "seriøs og ordentleg"
Stig Nergård (Sunndal IL og medlem i breddekomiteen i NFF) kom i sitt innlegg på tinget inn på at breiddefotballen i Norge innan 5-6 år vil endre seg radikalt. Større krav til kompetanse i alle ledd, frå trenar til leiarar, vil bli eit satsingsområde for NFF, som vil vektlegge at fotballen har eit samfunnsansvar i sine nærmiljø.
Kretstinget, som i år var
representert med 40 stemmeberettiga frå 26 klubbar, fekk ein
gjennomgang av årsberetning og regnskap samt budsjett for
2010. Kretstinget slutta seg enstemmig til revisor og
kontrollkomiteen si godkjenning av regnskap. Alle
innkomne forslag vart vedtatt samrøystes. Forslaget om
innføring av 6. divisjon menn frå 2011 vart trekt av
kretsstyret som var forslagsstillar.
Dette skriv fotballkretsen om tinget>>
Kai Magne Stokkeland og Alexander Connor representerte Vestnes
Varfjell på kretstinget.