
Ellingseter (tv)
Vegard Ellingseter skåra
eitt av måla då Fiksdal & Rekdal slo Tomrefjord 4-2
i ein treningskamp søndag. Lokalavisene skreiv onsdag at han
skal spele for Fiksl/Rek denne sesongen, men nokon overgang er
ikkje klar, skriv spelaren sjølv i ei melding har på
varfjell.no (sjå under). Midtbanespelaren studerer i
Trondheim og fekk dermed med seg berre delar av haustsesongen for
Vestnes Varfjell. Asgeir Karlsen skal vere på veg til
Fiksdal/Rekdal etter at Vestnes Varfjell 2 ikkje stiller lag denne
sesongen.
Fiksdal/Rekdal har også fått
eit par nye spelarar til, mellom andre Thomas Marken frå
Tomrefjord.
Kjelder: Bygdebladet og Vestnesavisa