Gratulerer til Frei FK som er klare for opprykk til 4. divisjon etter seier 3-1 mot Elnesvågen 2 i den andre kvalifiseringsrunden mellom dei tre avdelingsvinnarane i 5. divisjon. Sist helg vann Eide 1-0 mot Frei. Eide og Elnesvågen gjer opp om den siste opprykksplassen til helga. Eide greier seg med uavgjort eller eittmålstap. Ned frå 3. divisjon har Dahle vore klare ei stund. Surnadal er også under streken, men har hatt håp om å få ein ledig plass i neste års 3. divisjon som eitt av dei beste laga på 12. plass. Etter helgas runde ser det ikkje ut til at det blir meir enn ein slik plass, og den går til Spa/Bra i avdeling 2. Meir om dette her. Tar også med at Johnny Nerbø og Mjølner må ta den tunge vegen ned i 3. divisjon etter ei dramatisk avslutning i 2. divisjon.
Neste års 4. divisjon ser slik ut akkurat no:
Surnadal
Dahle
Træff 2
Midsund
Vestnes Varfjell
Molde 3
Kvass/Ulvungen
Åndalsnes
Kristiansund FK
Tingvoll
Frei
Eide (Elnesvågen 2)