Surnadal satsar på å gjere opphaldet i 4. divisjon kortast muleg. - Vi skal fortsatt satse som en 3.-divisjonsklubb, og skal rett opp igjen, sier fotballeder Nina Monsøy tiil Tidens Krav. - Vi har stor tro på at vi skal toppe divisjonen. Surnadal IL er 100 år neste år, og det er perfekt med opprykk da, fortsetter hun. Surnadal hadde heilt til det siste håp om å berge plassen som eitt av dei beste laga på 12. plass i 3. divisjon i Sør-Norge, men den sjansen forsvann i helga då det vart klart at det berre vert ein slik plass. Samtidig er ikkje alt avklart, då det kan bli ledige plassar fordi lag slår seg saman, ifølge nettstaden 3divisjon.no