Alexander Connor
Alexander Connor
Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor må klare seg utan fleire sentrale spelarar når laget møter Brattvåg til treningskamp i kveld. – Dessverre så ser det ut til at vi er noe svekka offensivt, da både Ronny Leikarnes og Tore Akselsen må melde forfall grunna sjukdom. I tillegg er Bjørn-Vegard Løvik og Anders Jørn ikkje tilgjengelege, så vi manglar noe rutine bakover også, seier Connor til varfjell.no, men legg til:


– Samtidig me har mange unge og lovande spelarar som er veldig ivrige på å vise seg fram. Håpet er at dei vil utnytte slike forfall til å forsterke sitt kandidatur i forhold til ein plass i startellevaren. Så det blir spennande å sjå korleis dei taklar ein så god motstandar som Brattvåg, seier Connor.

Han ser for seg eit kampbilde der Brattvåg, som vart nummer 2 i 3. divisjon på Sunnmøre i fjor, kjem til å halde eit svært høgt tempo og dominere kampen.

– Men hvis me spelar på det vi er god til, skal vi klare hevde oss. Men det blir ikkje lett, Brattvåg er et veldig bra lagt som eg trur kjem til å gjøre det svært bra i serien i også år, seier Connor.

Vestnes Varfjell tapte begge treningskampane mot Brattvåg i fjor. Kampen på kunstgraset i Brattvåg startar klokka 18.30. Varfjell.no vil også i kveld prøve å halde leserane oppdatert undervegs i kampen.