Vestnes Varfjell tek imot Midsund til årets første heimekamp i 4. divisjon fredag klokka 19. Midsund er nyopprykka, og tek turen til Vetnes for andre kamp på rad. I serieopninga tapte dei 1-5 mot Tomrefjord etter å ha tatt leiinga 1-0 i Vestnes idrettpark (les meir i Midsundingen). Denne kampen vart spelt på bortebane sidan kunstgrasbana i Midsund får nytt dekke. Det har vore mange jamne kampar mellom laga opp gjennom åra, men me vann begge sist laga var i same divisjon i 2015. Oversikt over tidlegare oppgjer her. Midsund er eit lag med ei fin blanding av ungt og gammalt, der spelande trenar Even Heggdal og Ingemar Misund er spelarar å sjå opp for. Vestnes Varfjell på si side er ute etter å reise kjerringa etter tapet mot Åndalsnes i serieopninga. Møt opp og støtt heimelaget i kampen om poenga. Resultatsørvis på twitter.
Møter Midsund heime klokka 19
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter