På fjerde forsøk lukkast det endeleg for Vestnes Varfjell. Laget vann 3-1 heime mot Midsund fredag kveld. Elling Olafsen var tilbake frå skade og sette inn 1-0 etter 21 minutt. Det sto seg til pause. Fem minutt etter kvile auka Amund Stavem til 2-0, før Sivert Nerheim sette inn 3-0 fem minutt før slutt. På overtid fekk Midsund straffespark. Even Heggdal reduserte til sluttresultat 3-1. - Ein fortjent seier til oss, sa ein fornøgd Vestnes Varfjell-trenar Knut Øyvind Hoem etter kampen. Meir seinare