Elnesvågens nye tribuner, laga på Vestnes.

Eit nytt topplag står for tur når Vestnes Varfjell fredag tar turen til Hustadvika for å spele kamp i 4. divisjon.

Elnesvågen er med sine 15 poeng likt med Eide på plassane bak Åndalsnes på tabellen. Det blir med andre ord ein ny, tøff test for eit Vestnes Varfjell-lag i framgang trass tapet mot ÅIF sist. Kampen går på Elnesvågen stadion, som har naturgras.

Den som tek turen kan få sitte på tribuner bygd på Vestnes. Vår gode sponsor Salthammer har nemleg gjort skjære- og sveisejobben på to konteinarar som utgjer den nye overbygde tribuna i Elnesvågen.

Kampstart er klokka 19.