Vestnes Varfjell tar imot Eide til årets første heimekamp fredag kveld. Trenar Knut Øyvind Hoem seier trenigsveka er nytta godt og at laget er gira på å rette opp inntrykket etter 0-5-tapet mot Averøykameratene sist. Thomas André Brastad og truleg Trond Klokset er tilbake i høve til laget som møtte AK sist. Kveldens motstandar Eide har me ikkje spelt mot på nokre år, då dei har vore i divisjonen under oss. Eide fekk ein kjempestart på sesongen med seier 4-0 heime mot Sunndal. Laget gjekk rett gjennom 5. divisjon i fjor anført av toppskårar Stig Roar Søbstad. Bana har fått ny gummigranulat og alt ligg til rette for ein fin fotballkveld i Parken. Møt fram og støtt heimelaget til årets første poeng. Kan du ikkje stille, kan du halde deg oppdatert via Twitter her. Kampfakta kjem her. Følg heile 4.-divisjonrunden via Rbnett.