Vestnes Varfjell tok leiinga tildleg og hadde også sjansar til å auke til 2-0. I staden fekk laget tre kjappe mål i fleisen rett før pause. I andre omgang endte forsøket på opphenting i staden raskt i 1-4 og dermed "game over". Eide kontra inn to til og vann med klare 6-1. - Eg hadde god tru på seier på stillinga 1-0. Då hadde me god kontroll, men så slepp me inn tre mål etter forsvarsfeil rett før pause og det øydelegg kampen for oss, sa trenar Knut Øyvind Hoem etterpå. Elling Olafsen skåra heimelagets mål, på straffespark etter at han sjølv vart felt. Den tidlegare toppspelaren Stig Roar Søbstad var kampens store spelar med tre skåringar for bortelaget. Eide har fått ein knallstart på sesongen med to seierar og 10-1 i målforskjell. Trenar Tor Ingar Storvik sa likevel til Tidens Krav etter kampen at dei ikkje "var på" dei første 20 minutta. - Vestnes Varfjell var bedre. Hadde de økt, er det ikke godt å si hvordan det hadde gått. Men da det først snudde, hadde vi full kontroll, sa Storvik til avisa. VIDEOSAMANDRAG I VarfjellTV | SJÅ BILDEGALLERI HER
Kampen starta altså bra for heimelaget som spelte seg gjennom Eide-forsvaret fleire gongar. Alt etter sju minutt var det nære på 1-0, då eit innlegg frå Amund Stavem fann Adrian Liabø via hovudet til Ole-Gunnar Kjærstad, men ballen gjekk i stolpen og ut frå kloss hald. Kvarteret var spelt då Elling Olafsen vart felt innanfor 16-meteren, klart straffespark som same mann sette i mål. Same mann hadde ein stor sjanse til å doble leiinga, men ein Eide-spelar fekk avverga i siste liten.
Like etter hadde Eide ein stor sjanse. Så kom sju minutt heimelaget vil gløyme. Først vart Stig Roar Søbstad spelt igjennom til 1-1. Vestnes Varfjell hadde akkurat tatt agvspark då same mann fange opp ei håplaus tversoverpasing og Eide hadde snudd kampen på eitt minutt! Som om ikkje det var nok, fekk Paul Farstad gå opp og heade inn 3-1 på et frispark nokre minutt etter det igjen.
Dermed 3-1 til gjestane ved halv tid, og det var klart at heimelaget var ille ute. Laget gjekk hardt ut for å forsøke å ta igjen det tapte. Kjærstad fann Stavem føre mål, men akkurat litt for seint til skråing. I staden vart laget igjen straffa då Søbstad fullførte sitt hattrick etter ti minutt på eit gjenomspel. Eide auka seinare med to nye skåringar på akkurat same vis. Søbstad hadde også kampens beste treff då eit frispark frå langt hald gjekk i tverrliggaren og ned. Kanskje var ballen over streken. Returen vart heada like over.
Vestnes Varfjell hadde sine sjansar også i andre omgang, men Eide var langt farlegare når dei kom i full fart framover. Gjestane hadde full kontroll og styrte det som skjedde. På overtid fekk heimelaget ein siste sjanse til å pynte på sluttresultatet. Eit frispark på 16-meterstreken hamna rett i muren frå innbyttar og forhåpentlegvis snart heilt skadefrie Svein Erik Lange Male.
Vestnes Varfjell har dermed får ein dårleg start på sesongen med to klare tap, men dette er det muleg å snu. Spelar dei slik som i starten, vil poenga komme etter kvart. No ventar vanskeleg bortekamp mot Surnadal.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Eide og Omegn 1-6 (1-3)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 24. april 2015 kl 19
Vestnes idrettspark, 70 tilskuarar (ca 10 frå Eide)
Mål:
1-0 (15) Elling Olafsen, straffespark
1-1 (37) Stig Roar Søbstad
1-2 (38) Søbstad
1-3 (43) Paul Farstad
1-4 (55) Søbstad
1-5 (63) Mulugeta Beruke
1-6 (79) Nikolay Bruseth
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Gult kort: Amund Stavem, Vestnes Varfjell (72)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Thomas André Brastad (Ole Håkon Heen Lien 86.) Ørjan Tangen, Nirut Mjøs (Jørgen Hovde 86.), Magnus Nerheim - Ole-Gunnar Kjærstad, Yngve Solevågseide (Svein Erik Lange Male 70.), Sivert Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen (Juan Rikard Larsen 58), Adrian Liabø (Azim Ahmadi 46.)