Alexander Connor i aksjon mot Elnesvågen i 2003.
Alexander Connor
varfjell.no held fram leitinga i gamle fotoalbum. Denne gongen byr me på eit attersyn med ein kamp frå 2. mai 2003 mot Elnesvågen. Dette var annonsert som ein kamp mellom to av opprykksfavorittane i 4. divisjon, men heimelaget innfridde ikkje og tapte 1-5 (Les meir). No MFK-aktuelle Kjetil Brudeset var mellom målskårarane for gjestana frå Fræna. Sjå galleriet her>> Fasit for 2003 sesongen:

 

Vestnes Varfjell avslutta sesongen med at trenar Dag Nakken spelte ein halv omgang saman med sonen Frank (les meir). Ein 6. plass vart plasseringa på sluttabellen, berre ein plass betre enn naborival TIL/Fiks/Rek. Elnesvågen kjempa lenge i toppen, men rota vekk opprykket til Halsa/Valsøyfjord på slutten.

Ps: Nokre av bildefilene har dessverre vorte skada. Dette er årsaken til den litt brutale beskjeringa. Albumet er også redusert frå 60 til 40 bilder i høve til det opprinnelege galleriet, då me berre har funne lavoppløyselege versjonar av nokre av motiva.

 

Husk at du kan få ei betre oppleving av galleriet ved å trykke på forstørrelsesglaset under kvart bilde og bla fram og tilbake ved å trykke n (next) eller p (previous).