Me er inne i det engelskmennene kallar "silly season", det vil seie perioden mellom to sesongar der laga er opptatt av å sikre seg trenarar og nye spelarar. Ein sveip innom lokale aviser og nettsider fortel at det skjer litt også i Nordmøre og Romsdal. Sunndal og Kristiansund FK er mellom laga som har annonsert nye trenarar, medan Midsund IL føyer seg til lista over klubbar på trenarjakt. Her er smånytt frå lokalfotballen:


Roger Ellevseth blir ny trenar i Sunndal at heiltidstilsette Rhonny Nilsson sa takk for seg. (Les meir i Aura Avis) Ellevseth, som var kaptein på Sunndal-laget som kjempa med Vestnes Varfjell om opprykk for ti år sidan, har tidlegare trent Kvass/Ulvungen og aldersbestemte lag i Sunndal. I år hadde han ansvaret for juniorlaget som vart kretsmeiester og som kjem til Vestnes for å møte Hødd i fylkesfinalen 21. november.

Surnadal har avvikla sin årsfest og kåra Ivar Mogstad til årets spelar, les me i Driva si papirutgåve. Jostein Kvendset fekk toppskårarpokalen. Kvendset har som tidlegare meldt i lokalavisene sagt at han vurderer å gi seg fordi pendlinga frå Trondheim tek mykje tid.

Tidlegare har me meldt frå 3. divisjon at Hans Moe gir seg som trenar for Eidsvåg medan Træff har fått på plass Erik Brakstad som ny trenar etter Kent Rudning.

Over i 4. divisjon der Øyavis skriv i si papirutgåve at John Arne Øien ønsker avløysing som trenar i Midsund for å konsentrere seg om jobben som spelar. Øien var igjen ein flittig måljeger på eit Midsund-lag som på sitt beste hamla opp med topplaga. Mellom anna slo dei Vestnes Varfjell 5-1 på Vestnes. Øyavis skriv at Midsund har håp om å hente heim Joakim Stormyr frå Brattvåg.

Kristiansund FK hamna også like under teten i årets 4. divisjon. Dei har no tilsett som Bjørn Christian Larsen som spelande trenar og administrativ koordinator for ungdomsavdelinga, melder klubben på sine nettsider.

Veit du noko om det som foregår i lokalfotballen, overgangar, trenartilsettingar eller anna. Ikkje nøl med å legge det inn som ein kommentar i feltet under. Me kjem til å ha linknande oppsummeringar utover, med særleg blikk på 3. divisjon som altså er den divisjonen Vestnes Varfjell skal spele i neste sesong.