Kai Magne Stokkeland deler ut toppskårarpris til Magnus Wolff Eikrem.
Eikrem og Stokkeland
Kjetil Rekdals Juleturnering har fått brei omtale i papirutgåvene til både i Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten laurdag. Begge avisene fokuserer naturleg nok på vinnarlaget Solution og den største stjerna, Magnus Wolff Eikrem frå Manchester United. Interessa for cupen har vore stor og i går var det besøksrekord for desember her på varfjell.no. Asbjørn Vik har lagt ut fleire videoar i Varfjell-tv.


Statisikken for 27. desember 2008 viser at 57.930 sidevisingar er utført av til saman 640 unike besøkande. Dette omfattar alle artiklar, web-tv og bildegalleri, ikkje berre frå cupen, men for heile området webområdet varfjell.no totalt.

 

Taler er omtrent det doble av ein vanleg desemberdag. Dei fleste klikka seg inn på artikkelen der resultata også vart oppdatert gjennom vår live-dekning. Denne artikkelen, som mange nok også laste opp gong etter gong, er i ferd med å nå 2000 visingar.

Rbnett skreiv om juleturneringa om kvelden i går med lenke til varfjell.no. Nesten 600 lesarar, 580 for å vere heilt nøyaktig, har i skrivande stund klikka seg inn på varfjell.no via denne peikaren.

Til Budstikka seier Eikrem at han spelte turneringa utan leggskinn, men at han ikkje var redd for å bli skada. - Det var artig å vinne her i dag. Rushden var en av de bedre motstanderne, men vi viste bra lagmoral og spilte god fotball, sier Eikrem som synest det er moro å komme heim og spele med og mot gamle kompisar. Les meir på rbnett.

Budstikka skriv også om Steinar Guvåg og Jahn-Ove Wiik som spelar i elitserien i futsal for Fyllingen, Wiik har også vore på landslaget i futsal. I Vestneshallen vart laget deire, Søre Luton, slått ut alt i innleiinga.

Til Sunnmørsposten seier Eikrem at det alltid er artig å vinne i fotball, slik også denne gongen. Dei har også snakka med klubbleiar Kai Magne Stokkeland i Vestnes Varfjell (kalla Geir Magne Brastad i RB!). - Dette har etter hvert blitt ei populær turnering, der nivået er blitt veldig høyt, seier Stokkeland til avisa. (Artikkelen er ikkje lagt ut på nett, enno i alle fall).