Fjerde juledag var ein ny stor dag for innefotball med fleire turneringar. Også spelarar frå Vestnes Varfjell har vore i aksjon. Frank Nakken løfta pokal nummer to for romjula då han var med på Team Rekdal som vann i Brattvåghallen.


Andre juledag var Nakken med på vinnarlaget til Team Solution i Vestneshallen. Fleire frå dette laget utgjorde Team Rekdal som slo Norborg 2-1 på golden goal i finalen. Også pappa Dag Nakken, som for første gong glimra med sitt fråvere i Kjetil Rekdals juleturnering, var med. Yngve Rekdal, Jim Solbakken, Vebjørn Løviknes og Sivert Øveraas var dei andre på Team Rekdal.

Vestnes Varfjell stilte med to damelag i Isfjordshallen søndag. Her manglar me opplysningar om korleis det gjekk, men legg gjerne igjen ei melding om dette i kommentarfeltet. Tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar Vegar Skare og Audun Leikarnes spelte for Måndalen som rauk ut tidleg etter ein seier og to tap.

Leikarnes og Skare er til vanleg med på Los Trøkje som skal spele XL Bygg cup i Træffhallen tirsdag.

Endeleg tar me med at Gossen futsal som slo Elnesvågen 6-3 i finalen i romjulscupen i Frænahallen.