Jørn Klokset stadfestar i Bygdebladet onsdag at målet er opprykk til 4. divisjon når han no tar over trenaransvaret for Tomrefjord i 5. divisjon. - Det er eit ungt lag, med stor glød og eit større potensial enn dei har fått vist, seier han til avisa. Og held fram:
- Dette potensialet vonar eg at eg skal få ut, eg må lære dei å jobbe på ein annan måte.
Den tidlegare Vestnes Varfjell-kapteinen og assistenttrenaren legg opp til fire treningar i veka, med to økter på kunstgraset i Vestnes idrettspark.