Sportsleg leiar Geir Åge Sylte ber no spelarer som kan tenke seg å spele for Vestnes Varfjell 2 i 5. divisjon om å melde seg. Klubben treng fleire spelarar innan påmeldingsfristen 25. januar. Interesserte kan sende meil til
Der seier han at reservelaget er viktig for å gje eit godt nok sportsleg tilbod til spelarar som får lite speletid i 3. divisjon.
- Målet vårt er som alltid å ha med flest muleg, lengst muleg. Difor må me gje dei eit best mogleg tilbod, seier Sylte til avisa.
Stallen totalt må vere mellom 25 og 30 spelarar for å kunne stille to lag. Alternativet er lag i juniorserien, i samarbeid med Tormefjord og Fiksdal/Rekdal.
- Det er ei reserveløysing. Stemninga mellom spelarane er for eit B-lag, og det er det vi framleis prøver å få til, seier Geir Åge Sylte til Bygdbladet.