Det blr eit skikkeleg botnoppgjer i Vestnes idrettspark fredag når Vestnes Varfjell tek imot nabo Tomrefjord til kamp i 4. divisjon.
Før kampen ligg heimelaget nest sist på tabellen med 11 poeng. Tomrefjord på sistplass har 9, men kan altså gå forbi om dei vinn. Det er med andre ord mykje meir enn lokal prestisje som står på spel når laget møtest denne gongen. 1-3 lag rykker ned til 5. divisjon, avhengig av kor mange lag frå kretsen som rykker ned frå 3. divisjon og om avdelingsvinnaren rykker opp.
Heimelaget har i tillegg eit forsmedeleg 1-5-tap frå kampen i Tomrefjord 16. mai å hemne. Då lukkast alt for Tomrefjord som i denne kampen faktisk skåra dei einaste fem måla dei har sett inn på eige gras denne sesongen. Borte har det også vore langt mellom skåringane for gultrøyene, fem til saman.
Vestnes Varfjell har skåra 26 mål, men også sluppe inn langt meir. Begge lag har dermed ein katastrofal målforskjell.
Overgangsvindauget for lokalfotballen gjekk ut på «breddline day» 10. september, og nokre dagar før dette dukka det opp melding på fotball.no at Glenn Stenødegård hadde meldt overgang frå Vestnes Varfjell til Tomrefjord. Den talentfulle midtbanespelaren debuterte for A-laget til Vestnes Varfjell alt i 2016, og rakk å vere innpå i fire kampar i det som vart eit kort comeback i vår. Han debuterte for sin nye klubb då laget tapte 0-2 heime mot FCK sist helg. Då mangla Tomrefjord mange sentrale spelarar, men ifølge referatet i Bygdebladet vil dei stille ein sterkare tropp til fredagens lokaloppgjer.
Vestnes Varfjell og resten av 4. divisjon hadde spelefri. Forhåpentlegvis er det ein utkvilt og skadefri tropp som stiller for heimelaget og at det ikkje blir ein ulykkesdag fredag den 13.
Kampstart er klokka 19. Det er meldt fint vær, så her er det berre å møte opp for å få med seg kampen ingen vil tape!