Elling Olafsen i aksjon i sin kamp nummer 300 for Vestnes Varfjell.

Elling Olafsen nådde ein milepæl i kampen mot Eide fredag.

Spissen spelte då sin obligatoriske kamp nummer 300 i Vestnes Varfjell-trøya sidan debuten på A-laget i 2006."Sjølvsagt" vart det skåring også i jubileumskampen, sjølv om det ikkje heldt til seier.

Med sine 300 kampar, passerte Olafsen Roger Valldal og tangerte trenar Alexander Connor på adelskalenderen og har berre Ronny Leikarnes, Bjarne Nerheim og Gunnar Nerbø framom seg. Topp 5 over spelte kampar (serie, NM, kvalik og KM-finalar) frå 1968 og fram til i dag ser dermed slik ut:

Nr Etternamn Fornamn     Kampar Mål
1 Leikarnes Ronny     385 325
2 Nerheim Bjarne     333 188
3 Nerbø Gunnar     319 6
4 Olafsen Elling     300 163
5 Connor Alexander     300 26

 

Olafsen var på ei nasjonal talentsamling i ungdommen, men har vore trufast til Vestnes Varfjell heile karriera. 

Eit av høgdepunkta i karrieren er då han skåra alle måla i 8-0-seieren borte mot Eidsvåg i 2017.