Vestnes Varfjell er i år igjen påmeldt med juniorlag, og desse skal i aksjon i obligatoriske kampar alt onsdag 6. mars. Då møter laget Eide heime i første kamp i kvalifiseringa til NM. Dei andre laga i pulja er Molde og Træff, begge lag som satsar hardt på junior-cupen. Juniorlaget består av spelarar som kom opp får G16 i fjor samt nokre spelarar som alt er etablerte i A-stallen. Det var også påmeldt eit B-lag i 7-arserien, men dette er no trekt. A-lagstrenar Alexander Connor sier til varfjell.no at det ville bli for mykje å administrere tre lag. Han og Svale Leren har hatt ansvaret for juniortreningane til no, men dei håper å få med fjorårets guttelagstrenar Gunnar Nerbø i teamet rundt laget. Heile kampprogrammet for NM-kvaliken:
Onsdag 6. mars kl 19, Vestnes idrettspark: Vestnes Varfjell - Eide
Onsdag 13. mars kl 19, Årølia kgb: Molde - Vestnes Varfjell
Onsdag 20. mars kl 19, Vestnes idrettspark: Vestnes Varfjell - Træff