Eidsvåg heldt Sunndal til 0-0 ved pause, men tapte til slutt 1-4 i sin første treningskamp. Bruntrøyene har forsterka laget i vinter og blir omtalt som "et godt 4.-divisjonslag" av Sunndal-trenar Egil Ruud, ifølgje Aura Avis. Vestnes Varfjells cupmotstandar AK tapte fredag 0-4 borte mot Elnesvågen. Meir i TK. Her kan du også lese at Surnadal, som nyleg fekk Asgeir Stavne frå Sunndal som ny hovudtrenar (meir om dette i Driva), har tapt to kamper i vinterserien i Trøndelag. I 5. divisjon har Rival slått Malmefjorden 4-0, melder Bryn-sidene. Midsund skulle møtt Skodje søndag, men den kampen vart ikkje noko av. Same skjebne leid Dahle - Elnesvågen 2 laurdag. Kvass/Ulvungen møter Sunndal 2 måndag. Har du andre resultat? Legg igjen ei melding i kommentarfeltet!