Vestnes Varfjell-juniorane sto overfor ei vrien oppgåve onsdag kveld då laget møtte Træff på bortebane. Ein dårleg start med to baklengs i løpet av dei første ti minutta øydela mykje av håpet om poeng, sjølv om laget hang med spelemessig - særleg etter pause. Træff van kampen 5-1 etter å ha leia 4-1 ved pause. Adrian Liabø reduserte til 1-3.  Kampen vart spelt på Reknesbanen.