Vestnes Varfjell sleit lenge i kampen mot Eidsvåg på heimebane fredag kveld, men etter pause løsna det. To skåringar av Elling Olafsen (SJÅ VIDEO AV 1-0) (SJÅ VIDEO AV 3-0) og eitt mål signert Ole Gunnar Kjærstad (SJÅ VIDEO) avgjorde kampen i løpet eit kvarter midtvegs i omgangen. Eidsvåg reduserte ved Johan Oltedal heilt på slutten (SJÅ VIDEO). Gjestane brente også eit straffspark på stillinga 0-0, men Thomas Brastad redda (SJÅ VIDEO) forsøket frå Arnt Erik Brakstad. Brastad hadde også fleire andre matchvinnande redningar og skal ha si del av æra for at alle poenga gjekk til heimelaget. SJÅ BILDEGALLERI HER
Kampen skulle eigentleg vore spelt i Eidsvåg, men vart "snudd" fordi Eidsvåg for tida er utan bane.
Vestnes Varfjell har slite litt med å komme igang i kampane til no i 4. divisjon og slik vart det også denne gongen. Gjestane var farlegast tidleg i kampen, og hadde også ein ball i nota, men linjemannen hadde vinka av for offside alt i trekket før. To sjansar til Vestnes Varfjell før pause: Elling Olafsen frampå tidleg i kampen, og eit skot like utanfor frå Tommy Kanishi Andreassen mot slutten. Då hadde Vestnes Varfjell overtatt litt i banespelet, men det sto 0-0 ved halv tid.
Gjestane fekk sjansen til å ta leiinga ni minutt etter pause då dommar Terje Sorthe ikkje var i tvil og dømte straffe då Jo Sigurd Vold stoppa Einar Olav Brakstad. Arnt Erik Brakstad gjekk fram for å ta straffen, men Thomas André Brastad i Vestnes Varfjell-målet gjekk mot rett hjørne og redda.
Straffen såg ut til å vekke Vestnes Varfjell som no fekk stadig betre grep på gjestane. Leiarmålet kom på corner der Elling Olafsen fekk beina ballen i mål frå kloss hald. Fem minutt etter hindra Brastad Eidsvåg å utlikne, og i neste angrep sette i staden Ole Gunnar Kjærstad inn 2-0, Ungguten skaffa seg rom innanfor 16-meteren og plasserte ballen heilt ute ved stolpen og utgabart for keeper.
No opna kampen seg opp. Eidsvåg satsa alt framover for å komme inn i kampen att, medan Vestnes Varfjell var farleg på kontringar. Jo Sigurd Vold heada ein ball unna på strek i eine enden, medan Amund Stavem var aleine med keeper i den andre. 3-0 kom etter ein ny corner, der ballen hamna heilt ute på sida der Amund Stavem la ballen tilbake i feltet. Der vann Elling Olafsen i lufta og kunne styre ballen i lengste hjørne med hovudet.
No hadde ikkje Eidsvåg meir å svare med, men like før slutt fekk dei eit trøstemål. Skotet frå Johan Oltedal såg ufarleg ut, men sneik seg under ein uheldig keeper.
Målvakt Brastad hadde som nemnt fleire gode redningar og var heimelagets viktigaste spelar - saman med målskårarane Olafsen og Kjærstad.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Eidsvåg 3-1 (0-0)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 3. mari 2013 kl 19
Vestnes idrettspark, 45 tilskuarar
Mål:
1-0 (68) Elling Olafsen
2-0 (74) Ole Gunnar Kjærstad
3-0 (84) Olafsen
3-1 (90) Johan Oltedal
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive
Gult kort: Arnt Erik Brakstad, Eidsvåg
Vestnes Varfjell (4-3-3): Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Jo Sigurd Vold, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Yngve Solevågseide (Nirut Mjøs 70.), Ole Gunnar Kjærstad - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen