ImageTradisjonen tru har leiar i Vestnes Varfjell IL, Kai Magne Stokkeland, skrive eit julebrev til medlemmane. Her kan du mellom anna lese om året som har gått og ønske for det nye året. Varfjell.no vil også nytte høvet til å ønske alle sine lesarar ei god jul. Husk Kjetil Rekdals Juleturnering 2. juledag, men denne kjem det meir om her etter kvart. Her er julebrevet frå leiaren:


God jul og godt nyttår

 

Som leiar i Vestnes Varfjell IL vil eg få retta ein stor takk til alle aktive utøvarar, foreldre, trenarar, støtteapparat, arbeidsgrupper og styret i VVIL for godt utført arbeid med aktivitetar innan barneidretten, handball og fotball.

 

VVIL handball er godt inne i sin sesong og har i år 11 lag påmeldt i seriespel og omlag 140 jenter og gutar frå heile kommunen trenar og spelare kampar i Vestnes idrettshall, ein idrettshall som på ingen måte støttar dagens aktivitetsbehov. Sjølv om handballen har dårlege rammebetingelsar må eg berømme håndballgruppa som siste månadane har vore innitiativtakar for å utdanna 14 lokale trenarar - dette er ei VIKTIG forutsetning for at våre ungdomar skal få lyst til å lære, trene og ikkje minst bli betre som enkeltutøvarar.

 

Vestnes kommune må snarast råd syte for at våre innandørsaktivitetar får nødvendig hallkapasitet slik at våre idrettsungdommar får gode nok rammebetingelsar. Kommunale bidrag som monnar blir nok lite truleg så lenge kommune er ein av fem kommunar i fylket på den såkalla "Robek-lista" - vi kan lilevel kanskje håpe på eit samarbeid med idrettslaget om å åpne opp for ei framtidig fjerde arm i rundkjøyringa i Helland? Med ei slik "åpenbaring" kan me samle alle kulturaktivitetar og idrettslagets "familie" under same tak, få dekt handballen sine framtidige behov og ungdomnen i Helland kan få sin uformelle møtestad. Våre tilhengjarar må kjempe vidare og overtyde "Kttholmen"-allansen og samtidig håpe på at inntekter frå eigendomsskatt i Vestnes vert nytta til å forebygge og forsterke born og unge sine oppvektsvilkår i kommunen!

 

Vestnes Idrettshall vil neste år få nytt banedekke og forhåpentleg også, etter at handballsesongen er over, få bygd fastmonterte nye tribuner mot bordtrennishallen som då kan nyttast til kafe for store framtidige arrangement?

 

FOTBALLsesongen er over, vårt lag i 3 div. rykka diverre ned i 4. div. Laget hadde mange gode kampar , men tabellen lyg ikkje og fordi Træff ikkje klarte å kvalifisere seg for 2. div må me difor starte på ny frisk i 4. div. Med betre kvalitet, godt støtteapparat, gode holdningar og fleir på trening - vil me rykke rett opp til ein ny og samanslått serie med dei beste laga frå Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal i 2011?

 

Styret, alle trenarar og støttaapparat for alle våre 500 aktive talent har som sagt gjort ein framifrå jobb. Forhåpentlegvis får Vestnes Varfjell IL neste år også på plass ein dagleg leiar i idrettslaget som kan koordinere, organiser og saman med styret være med å vidareutvikla arbeidet for at VVIL, med ei omsetning på omlag 2 mill, fortsatt skal vare ein bauta i lokalsamfunnet. Med rett fokus vil dette sikre våre born og unge dei gode og sunne verdiar der FAIR PLAY, kameratskap og utøvaren si utvikling og læring vert sett på dagsordnen og vidareutvikla.

 

GRASROT-prosjektet til Norsk tipping og våre ca 160 "tipparar" har i inneverande år gjeve VVIL omlag kr 60.000,- til vårt arbeid - styret vil takke kvar enket "tippar" for sitt bidrag. Takk også til våre lokale sponsorar i næringslivet, og "prosjekt tilhørighet" - kvar enkelt sesongkortinnehavar på Aker Stadion - alle har, på kvar sin måte, som støttar opp om vårt arbeid og gjev oss kjærkommen inntekter som vert bruke til å videreutvikle og forsterke "byggverket" Vestnes Varfjell IL!

 

Avslutningsvis vil eg som leiar i idrettslaget ynskje alle idrettsgrupperingar i Vestnes Kommune som kvar enkelt gjer ein framifrå innsats, sommar som vinter

- eit godt nytt idrettsår!

 

 

kjære medlemmar og støttespelarar;

God jul og godt nytt år !

 

Kai M Stokkeland

leiar Vestnes Varfjell IL