Ingebrigt Gjerstad blir ny Surnadal-trenar, slik han var i siste del av 2007 og heile 2008, og får nå med seg Webjørn Holten og Kjetil Rønning som hjelpetrenarar, skriv Driva. Rønning kjem fra Bøfjord/Bæverfjord, der han har vore toppskårar og trenar. Tidens Krav skriv at det blir arbeidd med å få til eit samarbeid med Bøfjord/Bæverfjord i 4. divisjon.
I 4. divisjon har MFK-legende Jan Fuglset held fram som trenar for Malmefjorden. Han får med seg Vidar Holmen som assistent, melder Bryns nettsider.
Rival har hatt mange kjente namn på trening, mellom andre blir ÅIFs Toni Kvam linka til klubben frå Molde aust. Les meir på rivalfotball.com.
Richard Tomren, som har vore ønska av Vestnes Varfjell fleire gongar tidlegare, skal spele for Brattvåg neste år. Han sluttar dermed i Skarbøvik, ifølge Sunnmørsposten fordi han fekk eit tilbod 2.-divisjonsklubben ikkje kunne matche. Også fleire Vestnes Varfjell-spelarar har vore i søkelyset til Brattvåg, men desse møtte ikkje til ein internkamp nyleg, melder nettsida til Norborg.
Både Brattvåg og Surnadal endte langt nede på tabellen i år, men satsar for å komme med i det som kan bli ein felles 3. divisjon for fylket frå 2011. Dei som vil bli med der må bli nr 6 eller betre i 3. divisjon. Også vinnaren av 4. divisjon får vere med, noko som er Vestnes Varfjells mål for 2010-sesongen.
Den nye Surnadal-trenaren trur neste års 3. divisjon blir sterkare enn årets.
- Lag som Vestnes Varfjell og Måndalen er skiftet ut med KFK og MFK 3. Samtidig vet vi at klubber som Eidsvåg og AK satser seriøst for å bli blant de seks som berger plassen, seier han til Tidens Krav. Same avis melder at Sunndal har fått på plass ein ny sponsoravtale med Sunndal Sparebank, tidenes største for klubben. 400.000 kroner skal lokalbanken bidra med i 2010. Banksjef Jonny Engdahl seier til avisa at Sunndal sin langsiktige ambisjon bør vere å bli den mest attraktive klubben på Nordmøre.
KFK må ut på trenarjakt etter at Bjørn Chr. Larsen har fått jobb som leiar i breiddeavdelinga i MFK.
KBK har henta Mathias Aakvik og Martin Kruse Ulseth frå Vestnes Varfjells nye divisjonskollega CFK, samt Marius Nergaard frå Dahle og Avo Mesan frå KFK.
Træff melder på sine nettsider at Thomas Flemmen, som i vår var ønska av Vestnes Varfjell, er klar for eit nytt år for grønbuksene. Frå før er det klart at Arne Håkon Sandnes, Andreas Beinset, Endre Tungehaug, Frank Mundal og Andreas Lønset satsar vidare i klubben frå Molde vest.