Johnny Nerbø er speleklar for Volda sitt lag i 3. divisjon. Daugstadingen har fått lite speletid for Hødd etter at Erik Brakstad tok over som trenar i sommar, og er no utlånt til sin tidlegare klubb. Neste år skal han spele for Volda på permanent basis, skriv Sunnmørsposten. Nerbø har tidlegare sagt at han skal avslutte karriere i moderklubben Vestnes Varfjell, men det blir altså ikkje enno, slik det ser ut no. Nerbø står med 41 seriekampar for Vestnes Varfjell så langt.

Opphaldet i 1.-divisjonsklubben Hødd varte i eitt og eit halvt år. Nerbø har i si karriere også spelt for Aalesund, Skarbøvik og Træff. Han er son av den gamle Varfjell-kjempa Gunnar Nerbø.