Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor rår berre over 13-14 spelarar for tida. - Dette bekymrar meg, men håpet er at det blir betre utover hausten, seier Connor til Bygdebladet. Arbeid, skule og ferie er årsaka til dei mange fråvera. I tillegg trakka spissen Elling Olafsen (bildet) over mot Halsa/Valsøyfjord. Det er usikkert kva lag han kan mønstre mot Frei på bortebane fredag.
Connor er fornøgt med det laget har prestert i dei to kampane etter ferien. - Ein god start etter ferien er viktig, og det har vi fått med to klare sigrar, seier han til avisa.