Vestnes Varfjell 2 skulle ha spelt sin føste kamp i 7-arserien for seniorlag denne veka, men no er det klart at laget er trekt. Trenar Alexander Connor, som skulle ha ansvaret også for dette laget, seier det vart for mykje å administrere. Laget var tenkt som eit tilbod for overårige G16-spelarar og reserver frå A-laget. Dermed blir Vågstranda einaste lag i denne serien frå Vestnes kommune med mange gamle Varfjell-heltar på laget.