Onsdag kveld vart det skreve kontraktar for våre to G14-lag i VVIL. Kristian Skålhavn og Jonny Sundkvist skal trene laget som skal delta i 1.-divisjonsserien 2009 og Nikolai Sivertsen skal vere trenar for breiddelaget som vert påmeldt i 7-arserien.
Breiddelaget manglar enno ein oppmann som me håpar er på plass før laget vert endeleg registrert i NRFK.
Desse to laga vil samarbeide tett og skal mellom anna delta på fire hallturneringar og to utandørsturneringar, hhv Hydro cup og Norway cup dette året. Som tidlegare år vert det aktuellt å hospitere spelarar mellom laga og frå G12 til breiddelaget og for G14 spelarar til G16 laget. Fyrste store turnering blir Atlanterhavscup siste helga i januar.
Bildet viser Mette Aarnes, styremedlem og kontakt for aldersbestemte lag i VVIL, flankert av Jonny og Kristian til venstre og Nikolai til høgre.