Fiksdal/Rekdal har kåra Pål Jensen til årets spelar i klubben i 2008. Jensen spelte 6 kampar som keeper for Varfjell tidleg på 1990-talet. Han fekk trofeet frå Dag Nakken, som hadde heile 22 spelarar samla til treningssamling sist helg, skriv Vestnesavisa. Fiks/Rek har fått fleire nye unggutar som er klare til å gje 40-åringane kamp om plassen i årets 5. divisjon. I tillegg er Frank Nakken tilbake frå Vestnes Varfjell.