Det er ikkje berre Vestnes Varfjell som førebur seg på neste sesong. Også i andre klubbar skjer det ting. Her er litt smånytt frå lokalfotballen fanga opp etter ein sveip på nettet:


Me startar i Fræna der alltid velinformerte ilbryn.net melder at Elnesvågen og Bud er i ferd med å inngå eit samarbeid om lag i 4. divisjon med namnet Bud/Elnesvågen 2. Bryn, som rykka ned i 4. divisjon, melder om nokre utskiftingar i stallen. Henrik Farstad går til Elnesvågen.

I Molde har Rival gjort endringar på nettsidene sine. Her melder dei at Truls Nordstrand Jacobsen (yngre bror av MFK-direktør Tarje) har meldt seg til teneste for raudtrøyene att. Les meir på rivalfotball.com.

Dahle IL har alt treningskampprogrammet for vinteren klart. Laget skal ut i åtte kampar, som blir avslutta med ei firelagsturnering mot sterke lag som KBK, KIL/Hemne og Molde 2. Les meir på Dahle-sidene.

Sunndal har avvikla årsfest. Her vart ikkje uventa Torgeir Ruud Ramsli kåra til årets spelar, med broren Erik som årets unge spelar. Les meir på Sunndal-sidene.

Ein kort tur over fjellet til Sunnmøre til slutt. Her har ein av våre faste treningskampmotstandarar dei siste åra, Brattvåg, skifta trenar. Rikard Tennø Vestre, med erfaring mellom anna som talentutviklar i Vålerenga, tar over etter Oddmund Otterlei. Les meir på Brattvåg si nettside.