Resultata i den siste serierunden i 3. divisjon gjekk Vestnes Varfjells veg. Dermed blir det 4. divisjon i Vestnes idrettspark også neste sesong.
Vestnes Varfjell hamna på den utsette 11.-plassen på dårlegare målforskjell etter tapet mot Averøykameratene i siste serierunde i 4. divisjon Nordmøre og Romsdal. Dermed var videre spel i divisjonen avhengig av at ingen lag frå Nordmøre og Romsdal rykke ned frå 3. divisjon og/eller at Åndalsnes slår Volda i kvalifiseringa til 3. divisjon.
ÅIF tapte 0-3 heime mot Volda i første kamp laurdag, men søndag gjekk alt Vestnes Varfjells veg då 3. divisjon vart avslutta. Både KBK 2 i avdeling 5 (spelte 0-0 mot opprykksklare Daniel Gravdehaug og Træff) og Surnadal i avdeling 4 (slo Tiller 2-0) gjorde jobben sjølv. Plassane vart uansett sikra med god margin sidan alle utfordrarane tapte sine kampar.
Både Vestnes Varfjell og AK kunne dermed puste letta ut søndag. Tomrefjord må håpe at ÅIF snur det i bortekampen i Volda om ei veke.