Både Vestnesavisa og Bygdebladet har snakka med Alexander Connor etter at det no er klart at han er tilbake som hovedtrenar for Vestnes Varfjell i 4. divisjon.

Til begge aviser legg Connor vekt på at klubben skal halde fram det gode arbeidet med å utvikle unge spelarar. Om ambisjonar seier han til Bygdebladet at målet er at Vestnes Varfjell skal halde fram som eit etablert lag i 4. divisjon, og då gjerne på øvre halvdel av tabellen,

Connor har vore trenar for A-laget siden 2006 med unntak av sesongane 2015 og 2021. Til Vestnesavisa utelukkar han ikkje at det kan bli fleire sesongar: – Eg er Varfjell-mann av heile mitt hjarte, slår han fast. (Om nokon skulle vere i tvil :)

Romsdals Budstikke har også omtalt trenartilsetjinga, i ein oversikt over alle lokale klubbar i 4. divisjon i avisa sitt dekningsområde. Her går det fram at også Åndalsnes får ny trenar i Gintaras Budrikas, medan dei andre held fram med same hovudtrenar.

(NB: Alle artiklane krev abonnement)