Både Vestnesavisa og Bygdebladet har snakka med Alexander Connor etter at det no er klart at han er tilbake som hovedtrenar for Vestnes Varfjell i 4. divisjon.
Til Vestnesavisa utelukkar han ikkje at det kan bli fleire sesongar: – Eg er Varfjell-mann av heile mitt hjarte, slår han fast. (Om nokon skulle vere i tvil :)
Romsdals Budstikke har også omtalt trenartilsetjinga, i ein oversikt over alle lokale klubbar i 4. divisjon i avisa sitt dekningsområde. Her går det fram at også Åndalsnes får ny trenar, medan dei andre held fram med same hovudtrenar.
(NB: Alle artiklane krev abonnement)